Marit Nedkvitne Tveite, Voss Kjøkkensenter,  har gjort Winner i Vossaskyen til ein suksess

Winner i Vossaskyen

 

Det var krise. Serveren hadde krasjet. Fire teiknarar hjå Voss Kjøkkensenter var satt i sjakk. Dei fekk ikkje laga kjøkkenteikningar til kundane.

-Me hadde full oppdragsbok. Utan teikneprogrammet Winner får me ikkje gjort jobben vår. Me får ikkje laga teikningar til kundane, og då for me heller ikkje levert nye kjøkken. Heile bedrifta stoppa opp.

Det fortel Marit Nedkvitne Tveite butikkleiar hjå Voss sin største kjøkkenleverandør.

 

05/16/2017, Tore Nyborg, Voss Kommunikasjon

 

-Me hadde bestandig hørt at Winner ikkje kunne brukast i skyen. Me var difor skeptiske når Voss Kommunikasjon foreslå ei løysing i Vossaskyen.

Winner er det mest brukte teikneprogrammet for kjøkken og bad i Noreg. Voss Kjøkkensenter som er Sigdal-forhandlar har automatisert heile si verksemd gjennom Winner. Når teikninga er ferdig blir det automatisk laga ei plukkliste til Sigdal. Det gjer drifta effektiv, men også sårbar når systemet ikkje verkar.

I Winner blir teikninga gjort om til 3D bilete. Det gjer det enkelt for kundane å sjå korleis den ferdige løysinga blir. Det er 3D som har vore utfordrande på sky-løysingar. Frank Pedersen, senior IT konsulent hjå Voss Kommunikasjon forklarar.

-Winner er eit program som krev god grafikkhandtering for å få til visning av teikningar i 3D. Me brukar ein terminalserverteknologi i Vossaskyen. For å få grafikken til å fungera har me investert mykje i grafikk-kort og prosessorkraft. Når Microsoft lanserte sin siste serverversjon falt brikkane på plass. Frå ein vanleg PC/Mac eller nettbrett kan man kopla seg til Vossaskyen og få nytta krafta frå serverane direkte. Det gjer at 3D modellar blir vist like godt som på ein lokal maskin.

Marit Nedkvitne Tveite fortel om ein heilt ny kvardag etter at dei flytta til Vossaskyen.

-No er Winner stabilt. Det berre virka. Før var alt installert lokalt og me måtte sjølv passa på server og backup. Feilmeldingane var mange. Problemet var nok hjå oss. For etter at me flytta til Vossaskyen har Winner vore stabilt og raskt å jobba med.

-Me er glade for at me ikkje kjøpte nye server sjølv og heller leiger kapasitet i skyen. Samtidig som me har slepp driftsansvaret har vi sjølv fleksibiliteten til å oppdatere prisar og delekatalogen sjølve fortel Nedkvitne.

Voss Kommunikasjon ser no på mogligheitene for å få fleire brukarar av Winner i Vossaskyen.

-Investeringane har me tatt. Me har no drifta løysinga for Voss Kjøkkensenter sida mai 2016. Det gjer at vi har tryggheit på at løysinga er stabil og god for slike kundar seier Roger Hovland, sals og marknadssjef i Voss Kommunikasjon.

Som eit ledd i dette arbeidet har Ole Henrik Lund i Compusoft testa løysinga i Vossaskyen.

-Tommel opp! Dette var bra. Det var den fyrste reaksjonen til Ole Henrik Lund i Compusoft når han testa Winner i Vossaskyen. Compusoft er programvareselskapet som utvikler og sel Winner. 

 

Vil du vita meir om Winner i Vossaskyen? Ta kontakt med ein rådgivar du kan være på førenamn med.

 [employee_circle_grid filter=»tax::groups::is::radgiving;»]