Treng me ny gondolbane?

Ja, kva skal me eigentleg med ny gondolbane? Skal me investera over 200 millionar for å få folk til fjells? Å få folk til fjells er i seg sjølv eit godt argument, men aleine ikkje nok. Men legg me til 100 nye arbeidsplassar gjev svaret seg sjølv.

19/4/2017,  Tore Nyborg, dagleg leiar av Voss Kommunikasjon

Med ny gondolbane på plass kjem det nytt hotell ved sida av jernbanestasjonen. Hotellet, drift av banen, utvida drift i skianlegget og aktivitetsturisme vil gje 87 nye arbeidsplassar. I tillegg viser eit forsiktig overslag at ringvirkningar vil gje 13 arbeidsplassar. Til saman 100 nye arbeidsplassar. Tenk det, 100 nye arbeidsplassar i minst 50 år.

100 nye arbeidsplassar er mykje. Så mykje at nokre naboar må akseptere dårligare utsikt.

 

Sjølvsagt er det ikkje kjekt å få en gondol over hustaket

Når Vangstunnelen blei bygd måtte hus rivast for å gje plass til ny veg. Sjølvsagt tenkjer nok dei fleste av oss. Men for dei som flytta ut av heimen sin er det ikkje sjølvsagt, for nokon følast det som eit overgrep. «Dei kunne jo berre lagt vegen ein annan plass». 

Sjølvsagt er det ikkje kjekt å få ein gondol over hustaket. Det skjønnar me alle. Eg har snakka med fleire av dei som bur under den nye gondoltraseen. Deira fyrste tankar var, «kan dei ikkje byggja banen ein annan stad».

Dei som bur opp i lia får gondolen 30 meter over huset, eller om lag 10 etasjar over. Dei som bur nærast får banen 15 meter over huset. Nært, men likevel fjernt i forhold til andre som får ein ny veg forbi huset. Og til dei som er bekymra for innsyn. Eg har spurt, det blir ikkje glasgolv i gondolane. Turistane kan ikkje sjå rett ned, dei kjem til å sjå på utsikta over Vangsvatnet og Gråsida.

 

Om kommunen vedtar oreigning sikrar dei rettferd

Ingen hus må rivast. Ingen må flytte. Ikkje blir det monstermastar og ikkje blir det lyd. Men dei får kablar over huset og gondolar som fer forbi. Og kablane vil sjølvsagt sjenere utsikta. Kanskje blir tomta mindre verdt. Og blir tomta mindre vert skal dei sjølvsagt ha erstatning. 

I Norge har me ei eiga lov som passar på at ingen blir påført skade på eigendommen sin utan å få erstatning. Kommunen kan vedta oreigning eller ekspropriasjon om du vil. Då sikrar Voss kommune at alle blir behandla rettferdig.

Når det blir vedtatt oreigning er utbyggar pålagt å dekke kostnadene, også til advokat for grunneigarane. Så her må Voss Gondol punge ut. Og gjennom oreigning blir alle høyrt og domstolane avgjer kva som er ei rettferdig erstatning.

 

Eit fyrtårn

Kva hadde Paris vore utan Eiffeltårnet eller Oslo utan Holmenkollbakken? Byane hadde vore  pulserande som dei er i dag. Men dei hadde vore fattigare!

Et fyrtårn kan definera lokalsamfunn. Det kan gje identitet, stoltheit og attraksjon. Slik er det i Paris og i Oslo. Slik var Hangursbanen for Voss i sine velmaktsdagar. Hangursbanen var eit fyrtårn.

Hangursbanen sette fyr på reiselivet. Den danna grunnlaget for at Voss blei ein av dei store heilårs reiselivsdestinasjonane.

 

Frå bane til bane

Den nye gondolbanen er eit unikt konsept. Du kjem til Voss med jernbanen og du går rett om bord i gondolen som tek deg til fjells. Tenk kva det vil bety for turistbygda Voss.

Sjølv om samferdselsministeren har skuffa oss den siste tida trur me vel endå på ny Vossabane, eller?

45 minuttar med tog før Bergensarane smett inn i gondolen og tek skia fatt på Hangurstoppen. Etter ein time vender dei nasen nedover igjen til bygda. Ja du veit, bergensarar på ski er ikkje som vossingar. Når det kjem ein ny vossing til verda, er det jo ein potensiell verdsmeister, så då blir han jo trena deretter. Då blir jo nokre timar i Bavallen barnemat.

Bergensarane derimot. Dei klarar ikkje heile dagen på fjellet. Fordelen er at dei også får tid til å sprada i Vangsgata. Handle ein PC hjå Voss Kommunikasjon, eller besøke Voss Gardslakteri og få kortreist kvalitetskjøt med seg heimatt, eller kanskje ta seg eit glas vin i kjellaren til Bruse på Park.

Straks kjem også den nye Ringeriksbanen. Då får austlendingane nesten like kort reisetid til Voss som dei har til Geilo i dag. Og i motsetning til bergensarane kan dei stå på ski. Dei flate bakkane på Geilo byter dei glatt ut med Norges beste skiterreng.

Frå bane til bane er eit unikt konsept. Det vil slå i an i reiselivet. Difor trur eg at 100 nye arbeidsplasser er eit for lågt tal. 

 

Den som gjev bør og få

Grunneigarane som får gondolen over hustaka er i dag delt i to leirer. Den eine leiren vil stoppe bana for ein kvar pris.

Den andre leiren seier ja til banen, fordi bygda treng den. Sjølv om dei får banen over hustaket. Det er å vise storsinn.

Men ingen av grupperingane er fornøyde med prosessen. Derfor er det viktig at alle grunneigarane blir rettferdig behandla. Den beste måten å gjera det på er at kommunestyret vedtar oreigning.

 

I tillegg burde grunneigarane som gjer til fellesskapet fått noko ekstra. Kva om Voss kommune gjev dei fritak frå eigedomsskatt og Voss Gondol hadde gitt dei gratis årskort med gondolen?