Salsvilkår for næringskjøp

Salsvilkår gjeld for sal av varer og tenester frå Voss Kommunikasjon til kjøparar som ikkje er forbrukarar, med mindre noko anna er særskilt skriftleg avtalt i det enkelte tilfellet.

1. Betaling/Morarenter

Dersom faktura/uteståande ikkje betalast ved forfall, skal det betalast den til ein kvar tid høgaste morarente i.h.t. morarenteloven.

Ved bruk av kort vil kjøpesummen bli reservert på kortet ved bestilling. Det vil seie ved fullføring av checkout. Kortet blir belasta same dag som sendinga blir føreteken. Ikkje-henta og ikkje-betalte pakkar vil bli belasta eit gebyr på kr 250 + frakt tur/retur av gjeldande ordre, for å dekke våre utlegg.

Ved manglande betaling vil kravet, etter gjentekne varsel, bli sendt til inkasso.

2. Bestillings- og avtaleprosess

Alle oppgåver og data som finns i Voss Kommunikasjons produktmateriell og produktkatalogar etc., kan bli endra/justert utan særskilt varsel frem til bindande kjøpsavtale er inngått.

Di bestilling er bindande når bestillinga er registrert hos oss. Vi er samtidig bunden av di bestilling viss denne ikkje avvik frå det som er tilbode av oss, vår marknadsføring eller på anna måte.

Vi atterheld oss retten til å kansellere di bestilling eller deler av denne, dersom produktet er utseld. Ved utseld vare vil du få melding om dette, eventuelt samen med informasjon om kva vi kan tilby i staden. Seljar av produktet tar ikkje ansvar for at produkt eventuelt er utselt.

3. Prisar

Om ikkje anna er presisert er alle prisar oppgitt eks. mva, fakturagebyr, miljøgebyr og ex-works seljars lager. Alle ekspederte ordre vil i tillegg bli belasta frakt, der beløpet avhenger av sendingsmåte, stad og vekt. Dersom bedrifter meiner at fakturert pris avvik frå det opplyste ved ordredato, må dette meldast til Voss Kommunikasjon innan 10 virkedagar rekna frå levering.

Prisane er i stadig endring og vi tar atterhald om prisendringar fram til gjennomføring av kvart enkelt kjøp, som fylgje av endra prisar frå våre leverandørar.

4. Levering

Levering skjer via seljars prefererte logistikkpartner om ikkje anna er avtalt

5. Reklamasjon og garanti

Dersom ikkje anna er avtalt, seljes produkta med 12 månaders reklamasjonsfrist for feil/manglar.

Etter at du har motteken produkta bør du så snart du har anledning til det, undersøke om leveransen er i samsvar med sendingsbekreftinga. Undersøk om produkta er blitt skada under transporten, eller om produkta elles har feil eller manglar.

Viss det oppdagast ein feil eller mangel, må du innan rimelig tid etter at du oppdaga, eller burde oppdaga den, gi seljar melding om at du vil nytte deg av reklamasjonsretten. Viss du ikkje reklamerar i tide, tapes retten til å gjere mangelen gjeldande.

6. Salspant

Voss Kommunikasjon AS har, med mindre noko anna er avtalt, salspant i dei leverte produkt som sikkerheit for kjøpesummen, inkludert renter og omkostningar, inntil desse er betalt i sin heilheit, jfr. pantelovens § 3-14 flg.
 
7. Erstatningsansvar

Seljar fråskriv seg ansvar for direkte eller indirekte økonomisk tap som måtte følge av mangelfull eller forsinka leveranse. Dette gjeld ikkje i dei tilfelle kor seljar forsettlig eller grovt aktlaust har forårsaka mislighaldet. I slike tilfelle skal ansvaret avgrensast til fakturaverdi av det mangelfulle/forseinka produktet.
 
8. Produktansvar

Viss dei selde varer voldar skade på person eller ting, og dette skyldas at varene ikkje byr den sikkerheit som brukar eller allmennheit med rimelegheit kunne vente, er seljar erstatningsansvarlig i den utstrekning slikt ansvar fylgjer av lov 23. desember 1988 nr. 104 om produktansvar. Andre fylgjeskader erstattast ikkje.

9. Endring i vilkåra

Vi atterheld oss retten til å endre nærværande vilkår, derunder som følge av endringar i lovgivinga.

10.  Force majeure

Er vi forhindra frå å levere eller foreta pliktig omlevering, eller blir ein slik leveringsplikt urimelig tyngande som fylgje av hendingar som definerast som «force majeure» er seljar fritatt for alt anna ansvar enn i reklamasjonstilfelle og kreditere den til den mangelfulle vares tilhøyrande kjøpesum.

11. Tvistar og lovval

Tvistar i anledning desse vilkåra eller andre avtalar gjort skal forsøkast løysast ved forhandlingar. Om ikkje skal tvisten fremmast for seljars næraste rettsinstans.