Kven har eigentleg best dekning, Telenor eller Telia?

Kven har best dekning, Telenor eller Telia? Det lurte også Tore Nyborg i Voss Kommunikasjon på.

 

Dei slår kvarandre i hel med reklame. Telia reklamerar for best i test, mens Telenor fortel at dei har dobbelt så mange sendarar som konkurrentane. Men kven er eigentleg best?

 

17. januar 2017, Tore Nyborg, daglig leiar i Voss Kommunikasjon

 

-Det er ikke den armeen med flest soldater som nødvendigvis vinner, men de som har de beste soldatene.

Det uttalar dekningssjef Tommy Johannesen i Telia slagferdig til Digi.no. Han kan ikkje forstå at Telenors dekningsdirektør Bjørn Amundsen kan hevda at Telenor har fått eit forsprang.

 

Vår eigen test 

Voss Kommunikasjon er forhandlar av både Telenor og Telia. Sjølv vi er usikre på kven som er best. Derfor bestemte vi oss for å gjera vår eigen test. Og skulle vi teste ville vi gjera det skikkeleg. Derfor flytta vi alle våre egne abonnement frå Telenor til Telia.

Vi har kontor på Voss og har kundar både her i bygda men også i nabokommunane. Vi reiser ofte mellom Voss og Bergen, men også til Sogn og nedover Hardangerfjorden.

Vestlandet er med sine høge fjell og djupe dalar eit vanskeleg område å bygge dekning i. Vi veit at Telenor har fleire sendarar enn Telia, men samtidig veit vi at plasseringa av sendarane betyr endå meir. Derfor var vi spente!

 

Godt fysteinntrykk

Romjula 2016 bytta vi ut trygge Telenor og satte inn simkort frå testvinnaren Telia. Fyrsteinntrykket med Telia var bra. I Voss sentrum er dekninga lik. Men hastigheita på datatrafikken til Telia er betre, og når eg er på dugnad i Voss ski- og tursenter opplever eg betydelig betre dekning og datahastighet enn med Telenor. Her har Telia ein eigen 4G sender og grusar Telenor på datahastigheit.

Også den fyste bilturen frå Voss til Bergen var positiv. Her er det ingen brot i samtalane, det opplevde eg fleire gonger med Telenor.

På køyreturar til Hardanger og til Sogn er opplevinga motsett. Her er tunelldekninga hjå Telenor mykje betre. 

Hjå Voss Kommunikasjon har vi også medarbeidarar som ikkje har fått dekning på hytta etter byte frå Telenor til Telia. Kjedelig! Men på mi eiga hytte har eg kjempedekning. Nokon fordelar må sjefen ha 😉

 

Best i test…

Å kåra Telia eller Telenor til «best i test» er ikkje mogleg. Begge gir dekning og datahastigheit som er tilfredsstillande. For dei aller fleste brukarane vil både Telia og Telenor være fullgode alternativ.

Men det er forskjellar. Både lags hovudvegane, innandørs i nye bygg, og der ingen kunne tru at nokon kunne bu. Kven som er best variera.

Om du har lyst til å gjera din eigen test kan du få låna telefon med sim-kort hjå Voss Kommunikasjon.

Om dekninga er god nok for deg kan du samanlikne dei andre tenestene som Telia og Telenor tilbyr. Mobilt Bedriftsnett mot Trådløs bedrift for eksempel og ikkje minst pris. Også her variera det kven som er best.

Voss Kommunikasjon er forhandlar av både Telenor og Telia. Vi har eigen erfaring med begge og kjenner deira styrkar og svakheiter. Det gjer oss til en god samtalepartnar når du skal gjera valet.

Telenor eller Telia?

 

Treng du mer info? 

Telefonavtalen er som forsikringsavtalen. Den må reviderast. Rett abonnement i fjor er ikkje rett abonnement i år. Vil du vite meir om kva som er Telenor og Telia’s sterke og svake sider?

Fyll ut skjemaet, så vil ein av bedriftsrådgivarane til Voss Kommunikasjon kontakte deg.

*
*
*
*