Roger Hovland var mannen som hjalp Voss Resort i gong med Infoskjermar.

-Infoskjermar er hipt

 

-Det ser hipt ut i forhold til plakatar og lysskjermar. No kan me forandre innhaldet undervegs og fronte tilbod og fortelje kva som skjer i anlegget.

Det fortel Ida Fuglehaug, dagleg leiar Voss Resort Bavallstunet. Ho har ansvaret for mat og overnattingsselskapet som driv i Noregs beste skiterreng. No har dei investert i infoskjermar eller digitale skilt som det heiter på fagspråket.

 

 Av: Tore Nyborg, 07.02.2017

Vil du vita meir om infoskjermar? Meld deg på frukostmøte. Les meir her! https://www.vossk.no/torsdag-16-februar-2 

 

Dei gamle lyskassene som hang over diskane i Storestova på Slettafjellet er kasserte. Før måtte Ida Fuglehaug bestille ferdig trykt spesialfolie som slapp lys igjennom. Desse måtte festes i lyskasser. Det så bra ut, men var tungvindt og dyrt.

-No kan eg sitte på kontoret på måndag og planleggje kva som skal ut på skjermane til helga. Og ikkje minst eg kan forandre undervegs.

Du seier at det ser hipt ut, kva meinar du?

-He, he. Skjermar er kult! Det er nytenking. Folk kommentera at det ser kult ut.

Digital skilting er ein svært effektiv og enkel måte å få ut bodskapet på. Med ein eller fleire skjermar kan du lage bodskap som gjer besøkande eller kundar aktuell reklame eller informasjon.

-Eg har veldig tru på skjermar. No kan eg være prøvekanin, så kan dei andre avdelingane i Voss Resort sjå at det fungerer. Marknadsavdelinga er på, no må eg passe på at dei ikkje tar sendetid i frå meg. Eg skal jo selje mat og overnatting humar Ida.

Ida Fyglehaug ser for seg infoskjermar fleire steder i anlegget til Voss Resort. Dei har fleire kafear, billettluker og ikkje minst heisar. I frå kontoret i Bavallstunet har ho kontroll. Med nokre taste trykk styrast innhaldet direkte til alle skjermane. Dei laster opp og redigerer innhaldet i «skyen». Kvar skjerm er tilkopla internett som regelmessig hentar innhaldet.

Vil du vita meir om infoskjermar? Meld deg på frukostmøte. Les meir her! https://www.vossk.no/torsdag-16-februar-2

 

Var det vanskeleg å komme i gang?

-Fyrste gongen var det litt kludrete. Me hadde ein kom i gang seanse med Roger Hovland hjå Voss Kommunikasjon. Det var litt mykje på ein gong. Så brukte me skjermane nokre dagar før Roger kom og kjørte ein nye runde med opplæring. Då satt det som eit skudd. Det er lett å lære seg!

Ida er tydelig fornøyd og begeistra. Både med løysinga og leveransen.

-Når me hadde bestemt oss kom skjermane raskt. Dei blei monterte, og det har ikkje vært driftsproblem under vegs.

Ida Fuglehaug, daglig leiar i Voss Resort Bavallstunet

 

Digital skilting er ein effektiv infokanal som er enkel å bruke!

Voss Kommunikasjon har i fleire år levert digitale skilt. I fjor bytta me til ein ny programvareleverandør. Plutselig blei teorien til praksis. Vår marknadssjef Roger Hovland fortel.

-Me har no ein programvare som gjer at ein enkelt kan administrere informasjonen frå kvar som helst og på alle pc-ar. Ein kan enkelt tidsstyre innhaldet sånn at ein alltid har relevant innhald på skjermane. Her kan ein og få ut live informasjon som vêrmelding, live nyheitsfeed og sosiale medier.

Om ein allereie har skjerm, så kan ein enkelt få integrert løysinga, eller om ein ikkje har skjermar, får ein disse i alle størrelsar og med alt innebygd, sånn at ein berre treng å kolbe skjermane til trådlaust nett eller via kabel.

-Det var veldig kjekt å få Voss Resort som kunde på denne løysinga. Dei ser korleis dei skal bruke skjermane, og eg trur at dei to dei har fått i Storestova på Slettafjellet berre er starten.

Kvar du enn går i dag, på kjøpesenter, store varehus, bensinstasjoner, flyplasser eller togstasjonar, ser du infoskjermar som lyser imot deg med ulike bodskap. Kjem du innom vår butikk, har vi også fleire skjermar som vi sjølve administrer eige innhald på.

At programvaren leiges og ligg i nettskyen og ikkje på ein lokal PC gjør at det forbetringar som kjem i programvaren blir tilgjengeleg for kundane med ein gong.

I dag er systemet satt opp med spelelister. Tanken er at man lager ei speleliste som kjørar med basisinfo. Skal man ha ein kampanje, eller treng å få ut info raskt setter man opp ei speleliste som overstyrar basislista i ein periode.

Ida Fuglehaug i Voss Resort er fornøyd, men ho ynskjer meir.

Kva saknar du i dagens løysing Ida?

-Eg saknar ein kalender som viser kva eg har publisert kvar enkelt dag. I dag må eg sjekke alle spelelistene. Eg vil trykkje på laurdag og sjå alt som publiserast då med ein gong. Å shit – der var ein pris feil, den må eg hugse å endre.

Kanskje det blir neste funksjon som kjem i programvara? Me hos Voss Kommunikasjon skal gje beskjed til programvareleverandøren at her er det eit endringsynskje!

*
*
*
*